Tips til korleis du kan sikre deg den læreplassen du vil ha!
Vil du bli lærling?
Du finn medlemsbedriftene våre med kva fag dei gjer opplæring i her på heimesidene. Ta kontakt med oss dersom du lurer på noko rundt lærlingeordninga.
Bedriftene søkjer som oftast etter etter lærlingar mellom januar og mars. Søknadsfristane kan variere, så her er det lurt å følge med på dei ulike plattformane til dei lærebedriftene du er interessert i. På framsida vår legg me og ut stillingsannonsene fortløpande.
Du søkjer læreplass direkte hos lærebedrifta. Det er lurt å ta kontakt etter du har søkt for å høyre om dei har motteke søknaden din.
Dersom du har lite fråvær på skulen er dette positivt når du søkjer om læreplass. Dersom du hospiterer i ei bedrift du vil søkje læreplass hos, så hugs at du allerede då blir vurdert som aktuell lærling i bedrifta. Vis interesse, ver aktiv og spør spørsmål.
Hugs å legg inn ynskjene dine for læreplass i vigo.no. Dette gjer du på skulen.
For å finne lærebedrifter klikk deg inn på: finnlaerebedrift.no
Søknad
Når du søkjer læreplass går du gjennom ein søkeprosess på lik linje som når ein søkjer ordinært arbeid. Ein god søknad er derfor første steg for å skaffe seg læreplass. NAV har mange gode tips du kan sjekke ut: jobbsøkertips.
Søk læreplass
Treng du at nokon ser over søknaden din før du sender den inn til lærebedrifta? Send den til post@bomlook.no så kan me sjå på den.
CV (Curriculum Vitae)
Ein CV viser kva erfaringar du har frå arbeidslivet eller andre interesser. Sjølv om du kanskje har begrensa arbeiderfaring som 17-18 åring, så er det viktig å få fram andre aktivitetar. Er du aktiv i frivillige organisasjonar, i idrett eller anna? Få det med i CVen eller i søknaden. Her er tips til korleis skriva CV: cvnerden.no
Intervju
Dersom du blir kalla inn til intervju er det lurt å førebu seg til dette. Les deg opp på bedrifta og kva dei driv med. Noter deg gjerne spørsmål som du kan stille til bedrifta. Her er eksempel på typiske intervju-spørsmål. Det er lurt å tenkje litt over dette før intervjuet.
Fortell litt om deg sjølv, kva gjer du på fritida?
Kvifor søkjer du læreplass hos oss?
Kva veit du om bedrifta?
Har du søkt læreplass andre stadar?
Korleis vil vennene dine beskriva deg?
Korleis taklar du å jobbe under press?
Kvifor har du valgt denne fagretninga?
Kva er du god på?
Har du noko du tenkjer du kunne ha jobba med?
Ta kontakt
Dersom me kan hjelpa deg med noko i søkeprosess eller anna